Damebunad

På 1920-talet vart damebunaden frå Sogn utarbeida av Anna Knudsen. Bunaden består av ein svart stakk i ullstoff. Nederst på denne høyrer det med ein breid kant av raudt eller grønt ullstoff med broderi som skal minne om fjord og fjell. Bunadslivet er mønstra, og finst i ulike stoff og ulike fargar. Dei vanlegaste fargane på livet er raud, grøn eller svart. Kanten på bunadslivet er sydd av svart fløyel. Til bunaden høyrer det også med eit forklede i ull eller bomull. På forkledet er det vanleg med striper på langs og tverstriper nede. Skjorta er i kvit lin med kvitt eller svart broderi på erme og hals. Eit tillegg til bunaden er capen. Denne er halvlang i svart ullstoff, med grønt eller raudt fór. Oksidert bunadssylv høyrer også med til bunaden. Sylvbelte var tidlegare meint for gifte kvinner, men vert no nytta til dei som måtte ynskje det. Strømpene til bunaden skal vere svarte.

Bunadsølv

Bunadsølvet blir levert frå sølvsmidja på Voss. Du kan sjå finne detaljert info om sølvet på sylvsmidja.no

Tilbehøyr

Under finn du diverse bileter av tilbehøret til damebunaden. Sølvet er ein vesentleg del av bunaden og er ikkje rekna under tilbehør.